|
Fredrik Lübbe «Pure» Paul Grøtt «Tempo» Trond Edvard Ekroll «Footloose» |
Skodje fotoklubb skal stille ut 10 bilder under Nordic Light International Festival of Photography 2012. Denne vert arrangert i Kristiansund i slutten av april. Med utgangspunkt i ei intern fotokonkurranse der det kom inn 40 bidrag , er det no plukka ut 10 bilder som skal representere klubben i Kristiansund. Bilda vert printa ut i A3-format og ramma inne. Saman med ein kort presentasjon av klubben, skal dei henge utstilt frå 24. april til 6. mai. Dette er ei flott anledning til å få presentere klubben og nokre av dei mange flotte bilda som medlemmane står bak. Dei ti som er valde ut til å representere Skodje fotoklubb denne gongen er: Geir Jartveit – Edderkoppen, Kenneth Enstad – Natt ved Brusdalsvatnet, Fredrik Lübbe – Pure, May Iren Flem – Where to? Paul Grøtt – Tempo, Marianne With Nor – Våkent blikk, Trond Edvard Ekroll – Footloose, Monica Vatnehol – Skyer, John Colbensen – Dodging drops, Sunniva Longva – Broen. |


